| 71 Grader Nord på besøk hjå Luster Paintball |
|
|
| Skrevet av Terje A. Gudmundsson | |||
| mandag 25. mai 2009 22:01 | |||
Seinare kom resten av filmfolka og dei fekk nyta middagen i eit område som minna om Jurassic Park- sa ein av filmfolka, "mangla berre Tyranosaurus her no :)". Brått vart det travelt på og ved øya og deltakarane skulle komme no. Dei kom med minibuss og måtte holde seg for augene då dei gjekk over brua. Heldigvis gjekk det bra. So var det heile igong, og spenningen var til å ta og føle på. Me hjalp til med og kle på deltakarane og med instruksjon/ sikkerheita. Deltakarane var utruleg hyggelege personar og me har allerede kåra vår vinnarfavoritt. Etter instruksjonar og gjennomgang av diverse kunne Stiansen blese i fløyta og starte spelet. Fyrst spelte jentene mot kvarandre og etter på var det gutane som skulle til pers. Det var utan tvil jentene det var mest fart i og omgangen var over i løp av 5-10 minutt. Gutane var meir redde for å bli utskotne så dei låg meir i skjul bak hunveden og skaut i blinde. Dette medførte at me måtte fylle opp magasina fleire gonger under spelet til dei. Det var likevel tøff kamp for å unngå tap og å få tak i frikortet og eit morsomt skue. Me jubla saman med filmteamet og tok ein skål i Bonaqua, då me var ferdig med dagen og rydda saman det meste. Me gledar oss til til 71 grader nord til hausten og håper dette vil gje meirsmak til TV sjåarane. "Vårt program" i serien (med 1 manns rafting, hopping frå Liljabrui og paintball) ser du på TV Norge frå måndag 12. og 19. oktober 2009 kl 2030 med repriser på søndager kl 1840 (episode 4). Går du glipp av episoden kan du laste det ned her på Maxdone Web TV. |
Du trenger innlogging eller registrering for kommentering. av artikkel. Alt er uforpliktande!! Kom igjen :)
Diskuter dette i forum. (0 posts)




