• Heim
  • Om oss
  • Kontakt oss
  • Bilder
  • Video (fra 2009/2010)
  • 71 grader Nord
  • Heim
  • Kva er paintball?
  • Ditt arrangement
  • Spel og reglar
  • Bane, utstyr og kart
  • Sikkerhetsreglar
  • Medlemskap
  • Kalender
  • Prisar
Medlemskap PDF Skriv ut E-post

Luster Paintball er eit tilbod av Skjolden Rafting og har til hensikt å få eit auka fokus på sporten paintball i regionen. Me gjer at det skal vere enkelt og billeg for alle å vere med. Som medlem får du vere med i å utvikle den, noko som er både interresant og spennande saman med andre med same interresse.

Luster Paintball Klubb
-----------------------------------------
Medlemsfordeler 2011:
Spele gratis på spelekveldar med eige utstyr.
Spele billeg på spelekveldar med leige av utstyr av oss.
Gunstig pris på ball.
Gratis fylling av luft på markørflasker på spelekveldar.
Gunstig pris på paintballutstyr.
Gratis deltaking på andre arrangement i samband med klubben, som td. grillkveldar, speling under arrangement som td. Kulturdagane i Skjolden osv..
Få opplæring i bruk av utstyr og reglar.
Bli kjent med folk med same interresse.
Vere med på å byggje, utvikle bana og klubben.
-----------------------------------------
Medlemsprisar  2011:

Oppdaterte prisar her!

-----------------------------------------
Spelekveldar:

Målet er å ha spelekveldar så ofte som mogeleg, noko som er avhengig av antalet medlemer som vil spele. Utgangspunktet er annankvar søndag. Oppfordringa vert derfor at medlemer og andre vert med så ofte som mogeleg. Det er ikkje krav at du må vere med å spele heile tida. Alle har lov til å vere publikum og benytte seg av benkar og grill ved bana heilt gratis under spelekveldar.
Alle spelekveldar vil bli lagt inn i denne kalendaren etterkvart som dei blir bestemt.
-----------------------------------------
Spelekveld/ Open dag prisar :


Oppdaterte prisar her!

Eventuelle endringar av tidspunkt blir annonsert via e-mail/ facebooksida/ telefon. Facebook er pr idag den enklaste måten å sende ut endringar på, så det er viktig at du er med i gruppa vår og siden vår for å følge nyheter m.m..
-----------------------------------------
Firmamedlemskap:
Alle firma, lag og organisasjonar har anledning til å teikne medlemskap hjå oss og gje støtte til oss for utvikling av området. Eit medlemskap gjev og rett til å bruke området til eigne aktivtetar. Medlemer har òg anldning til å henge opp banner som er godt synleg på og ved bana, samt reklame på internettsida vår. Ta kontakt med oss.

 

Sist oppdatert onsdag 28. september 2011 11:27