• Heim
  • Om oss
  • Kontakt oss
  • Bilder
  • Video (fra 2009/2010)
  • 71 grader Nord
  • Heim
  • Kva er paintball?
  • Ditt arrangement
  • Spel og reglar
  • Bane, utstyr og kart
  • Sikkerhetsreglar
  • Medlemskap
  • Kalender
  • Prisar
Ditt arrangement Skriv ut E-post
Legg til Facebook

Få eit skikkeleg adrenalinkick, kjenn følesen av "å bli jakta på" og "å jakte på andre", - både ålene og som lag.
dittarrangement1300
dittarrangement2300
dittarrangement3300
dittarrangement4300
dittarrangement5300

Det eineste du risikerer er litt fysisk trening og nokre uskuldige blåmerkje her og der.

For å spele har me satt ei nedre grense for arrangement på 4 personar. Anbefaler minimum 7-8 (2 lag à min.4 pers). Me greier pr idag 30 pers. samtidig med vårt utstyr. Men me har allereie hatt arrangement på ca 60 personar, som me delte inn i puljar mens eindel sto for grilling og musikk og anna underhaldning.

Ved større grupper lagar me ofte tilbod på førehand og det er lurt å vere ute i god tid. Typiske grupper er utdrikkingslag, vennegjengar, skuleklassar og firma frå ca 12 personar og oppover.

I tillegg til paintballarrangement er det muligheit for å høyre musikk heilt uhemma (utan å få klage frå naboar og politi) (me har nytt PA anlegg på 1200 W + aggregat til å drive det). Me kan òg arrangere diverse happenings, konsertar, utedisko, du kan slå leir med telt og lage leir.

Send oss
først ein forespørsel eller ring oss heilt uforpliktande, deretter lager me eit tilbod til deg!

Dersom du melder deg inn i klubben vår vil du få ekstra gode tilbod. Les meir om medlemskap i Luster Paintball Klubb her.

Medlemer av facebookgruppa og facebooksiden vår får automatisk invitasjon til felles arrangement, så hugs å "join" den og klikk Like for å følje oss.

Me anbefalar å ta med skoskift, og at du brukar nokre sletne joggesko/ fjellsko under spelet.

Ta gjerne med eit håndkle/ klesskift òg. Du har muligheit for å leige garderobe og dusj dersom behov.

Det er toalett ved bana, god parkering og mulighet for å campe (etter avtale).

Oppmøte er ved bana til avtalt tidspunkt dersom ikkje anna er avtalt.

Sist oppdatert onsdag 28. september 2011 11:31